I medhald av plan- og bygningsloven §
12-8 varslast oppstart av reguleringsplan for Gnr. 43, Bnr. 320 m.fl. Ovågen i Øygarden kommune.
Tiltakshavar for planarbeidet er Øygarden
kommune. Utførande konsulent er Akons AS.
Formålet med planarbeidet er å legge til rette for gang- og sykkelveg
aust for Oenvegen, krysning av fylkesvegen og vidareutvikling av
friluftsområde. Ein har valt å varsle oppstart for eit større område enn det
desse tiltaka krev, for å kunne vurdere tilpassingar av eldre planar, og opne for
moglege endringar som måtte følgje av planprosessen og medverknad.
Det meste av planområdet er regulert i
plan 1259 20040003 – Ovågen aust som vart vedteke 13.6.2007. I kommuneplanen
sin arealdel er varsla område sett av til LNFR, offentleg eller privat
tenesteyting og bustad. Sjøområde er hamn, småbåthamn og bruk og vern av sjø og
vassdrag med tilhøyrande strandsone.
Tilkomst til friluftsområde er i dag over
terreng frå parkeringsplass i nord.
Ein skal no vurdera om her er trong for
endringar av eldre plan i høve til nyare kommuneplan, dagens situasjon og
vidare utvikling av friluftsområde.
Varslingsområdet er om lag 95 dekar. I
varsla område inngår og fylkesveg og tilgrensande eigedomar som kan verte
regulert i samsvar med dagens bruk, offentlege krav eller i dialog med
grunneigar.
Planområdet kan bli mindre enn
varslingsområdet etter at vegløysingar og anna er avklart.
Planen utløyser ikkje krav om
konsekvensutgreiing.
Alle innspel og merknader vil følge
planforslaget når det leverast til kommunen. Etter at merknadsfristen er ute
vil sjølve planforslaget bli utarbeida, for deretter å bli sendt til Øygarden
kommune for sakshandsaming.
Laurdag 23 november kl. 14.00 vil
konsulent være til stades på parkeringsplassen til Kystmuseet for å svare på
spørsmål som gjeld planarbeidet.
FRIST FOR MERKNADER ER: 12.12.2019
Etter første gangs handsaming i kommunen
blir planframlegget lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil då bli anledning
til å koma med merknader og innspel til planforslaget før vidare politisk
handsaming.
Innspel og merknader sendast til: Akons AS, pb. 21, 5207 Søfteland, eller som e-post til: even@akons.no
Utfyllande opplysningar på www.akons.no
Spørsmål om planarbeidet kan rettast til Even Akerø tlf. 980 98 397
Last ned kart over varsla planområdet
Vedtak om oppstart:
https://innsyn.onacos.no/oygarden/pluss/wfinnsyn.ashx?response=journalpost_detaljer&journalpostid=2019017844&