I medhald av plan- og bygningsloven § 12-8 varslast oppstart av reguleringsplan for Gnr. 43, Bnr. 320 m.fl. Ovågen i Øygarden kommune.
Tiltakshavar for planarbeidet er Øygarden kommune. Utførande konsulent er Akons AS.
Det meste av planområdet er regulert i plan 1259 20040003 – Ovågen aust som vart vedteke 13.6.2007. I kommuneplanen sin arealdel er varsla område sett av til LNFR, offentleg eller privat tenesteyting og bustad. Sjøområde er hamn, småbåthamn og bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone.
Tilkomst til friluftsområde er i dag over terreng frå parkeringsplass i nord.
Ein skal no vurdera om her er trong for endringar av eldre plan i høve til nyare kommuneplan, dagens situasjon og vidare utvikling av friluftsområde.
Varslingsområdet er om lag 95 dekar. I varsla område inngår og fylkesveg og tilgrensande eigedomar som kan verte regulert i samsvar med dagens bruk, offentlege krav eller i dialog med grunneigar.
Planområdet kan bli mindre enn varslingsområdet etter at vegløysingar og anna er avklart.
Planen utløyser ikkje krav om konsekvensutgreiing.
Alle innspel og merknader vil følge planforslaget når det leverast til kommunen. Etter at merknadsfristen er ute vil sjølve planforslaget bli utarbeida, for deretter å bli sendt til Øygarden kommune for sakshandsaming.
Laurdag 23 november kl. 14.00 vil konsulent være til stades på parkeringsplassen til Kystmuseet for å svare på spørsmål som gjeld planarbeidet.
FRIST FOR MERKNADER ER: 12.12.2019
Etter første gangs handsaming i kommunen blir planframlegget lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil då bli anledning til å koma med merknader og innspel til planforslaget før vidare politisk handsaming.
Innspel og merknader sendast til: Akons AS, pb. 21, 5207 Søfteland, eller som e-post til: even@akons.no
Utfyllande opplysningar på www.akons.no
Spørsmål om planarbeidet kan rettast til Even Akerø tlf. 980 98 397
Last ned kart over varsla planområdet
Vedtak om oppstart: