Varsel om mindre reguleringsendring for Vågshaugen sørvest

Varsel om mindre reguleringsendring for Vågshaugen sørvest, Gnr. 48, Bnr. 12 i samsvar med pbl. § 12-14

THH AS har utarbeidd framlegg til en mindre endring av reguleringsplan for Vågshaugen sørvest, Gnr. 48, Bnr. 12. Akons AS er plankonsulent.

Reguleringsplan for Vågshaugen sørvest var godkjent  14.11.2006. Planen inneheldt den gang 6 nye bustadtomter, 3 av desse var med leilegheit. Totalt 9 bustadar.

Viktigaste endring er at ein har flytta bustadene litt mot nord, og at ein no opnar for 9 mindre einebustader, men utan moglegheit for leilegheit. Veg har fått betre stigning. Fellesareal er økt. Ein har opprettheldt moglegheit for gjennomgang for turgåar. Tal på bustader er uendra.

Vedlagt er søknad om endring av reguleringsplan etter forenkla prosess i samsvar med plan- og bygningslova §12-14.

Eldre reguleringsplan, VA rammeplan, ROS analyse, snitt, vegprofil og referat frå oppstartsmøte finn de på www.akons.no

Er det spørsmål til planframlegget er de velkomne til å ta kontakt med underteikna på tlf. 980 98 397 eller med e-post til even@akons.no

Innspel eller merknader til planarbeidet sendast til:

Akons AS, pb. 21, 5207 Søfteland, eller som e-post til: even@akons.no

Alle innspel og merknader vil følge planforslaget når det leverast til kommunen.

FRIST FOR MERKNADER ER: 30.12.2020