GNR. 41, BNR. 585 M.FL – AREFJORD.

Søknad om endring av reguleringsplan etter forenkla prosess i samsvar med pbl § 12-14

I samsvar med plan- og bygningslova §12-14 vert det med dette varsla at Bergen Tømrer AS har utarbeidd framlegg til en mindre endring av reguleringsplan for GNR. 41, BNR. 585 M.FL – AREFJORD. Akons AS er plankonsulent.

Endring gjeld for Reguleringsplan 198 RP Arefjord (41-585) som var godkjent 18.12.2014 med planidentifikasjon 124620060042. Formålet med endringa er å kunne bygge hus med eit moderne uttrykk, og å få tilpassa rekkjefølgjekrav i planen.

Viktigaste endring i kart gjeld parkeringsplass SPP3, og byggegrense for tomt 3, 4 og 5 innanfor vedlagt plankart.

Endring i føresegn som gjeld rekkjefølgjekrav og takform gjelder for heile planen. Tal på bustader er uendra.

Nedanfor finn du  Søknad om mindre reguleringsendring Jf. plan- og bygningslova (PBL) § 12-7. Søknad er gjort på kommunen sin mal. Komplett søknad skal og innehalde oversikt over innkomne fråsegn eller merknader, og skjema vert difor oppdatert etter nabovarsling. Om det ikkje kjem inn vesentlege merknader kan kommunen vedta endring i planen.

På grunn av coronaviruset vert det ikkje noko informasjonsmøte om endringane. Er det spørsmål til planframlegget er de velkomne til å ta kontakt med underteikna på tlf. 980 98 397 eller med e-post til even@akons.no

Innspel eller merknader til planarbeidet sendast til:

Akons AS, pb. 21, 5207 Søfteland, eller som e-post til: even@akons.no

Alle innspel og merknader vil følge planforslaget når det leverast til kommunen.

FRIST FOR MERKNADER ER: 27.03.2021