Søknad om endring av reguleringsplan etter forenkla prosess i samsvar med pbl § 12-14
I samsvar med plan- og bygningslova §12-14 vert det med dette varsla at Kroken, Sakslo og Straume har utarbeidd framlegg til endring av mindre del av reguleringsplan 36 RP Hans Straume mfl (35-5) som gjeld GNR. 35, BNR. 308, 347, 390, 409 og del av 5, Geitevikja i Øygarden kommune.
Endring gjeld for del av Reguleringsplan 36 RP Hans Straume mfl (35-5) som var godkjent 7.11.1989 med planidentifikasjon 19890006. Formålet med endringa er å dela tomt 8 i to, fastsetje byggegrense mot sjø og løyse tilkomst til tomtane slik at ein unngår dispensasjon når dei regulerte tomtane skal byggjast ut.
Det er utarbeidd to forslag til nytt plankart med føresegn. Forskjellen på kartane er berre tilkomst til tomt BFS3. Tiltakshavar ønsker alternativ A. Det er mogleg å kome med innspel eller merknader til begge alternativa. Sjå planmateriell og vedlegg nedanfor.
Akons AS, pb. 21, 5207 Søfteland, eller som e-post til: even@akons.no
Alle innspel og merknader vil følgje planforslaget når det leverast til kommunen.
FRIST FOR MERKNADER ER: 15.04.2021