Varsel om oppstart av planarbeid med konsekvensutgreiing: DETALJREGULERING FOR VARDEN, GBNR 41/466 M. FL. – VALEN i Øygarden kommune

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 varslast oppstart av privat reguleringsplan for del av Gnr./Bnr. 41 / 466 m. fl. Tiltakshavar er Thh AS. Utførande konsulent er Akons AS.
Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for næringsbygg på om lag 30.000 m2. Viktigaste verksemda vil være senter for logistikk og framtidsretta teknologi.
Varslingsområdet er om lag 76 dekar og ligg like sør for det nye Sotrasambandet. I varsla område inngår og eit mindre sjøområde og sideareal til Sotrasambandet. Planområdet kan bli mindre enn varslingsområdet.
Planen utløyser krav om konsekvensutgreiing.

FRIST FOR MERKNADER ER: 01.09.2022

Nedanfor er kart over planområde, varslingsbrev, framlegg til planprogram og andre nedlastbare dokument:

Planområde