I samsvar med plan- og bygningslova §12-14 vert det med dette varsla at Per Ekerhovd har utarbeidd framlegg til en mindre endring for del av reguleringsplan 58 RP FvR206, Ekrhovd-Li, Utviding (46,47,48) i Øygarden kommune. Akons AS er plankonsulent.
Gjeldande reguleringsplan 58 RP FvR206, Ekrhovd-Li, Utviding (46,47,48) vart godkjent 08.12.1994 med planidentifikasjon 124619940004.
Endring gjeld for ca. 110 meter av Ekerhovdvegen som i dag er FV5234. Ein regulerer inn etablert avkøyrsel til 46/2 i samsvar med bygd situasjon. Avkøyrsel er godkjent, men var bygd like etter at reguleringsplanen var ferdig, og kom difor ikkje med i planen. Ein ønsker no å opna for utvida bruk på inntil ÅDT 50, og regulerer difor inn avkøyrselen med tilhøyrande frisiktssone.
Viktigaste endring i kart er at en viser avkøyrsel over det som har vert regulert som «anna vegareal» i eldre plan, og at ein regulerer frisiktsone med tilhøyrande omsynssone. Det er utarbeidd føresegn på ny mal.
Nedan for finn de forslag til Søknad om mindre reguleringsendring Jf. plan- og bygningslova (PBL) § 12-7, plankart, føresegn med meir.
Er det spørsmål til planframlegget er de velkomne til å ta kontakt med underteikna på tlf. 980 98 397 eller med e-post til even@akons.no
Innspel eller merknader til planarbeidet sendast til:
Akons AS, pb. 21, 5207 Søfteland, eller som e-post til: even@akons.no
Alle innspel og merknader vil følge planforslaget når det leverast til kommunen.
FRIST FOR MERKNADER ER: 30.05.2021